Ny barnehage

Den nye barnehagen i Knarvik vert topp moderne. Målet er å ha klar seks avdelingar etter skuleferien neste år.

Barnehagen si tomt ligg nær den nye vegen som vert bygt mellom Gjervik og Juvikstølen.

”Rubikk orm”

Thomas Tysseland i M3 Arkitektar forklarar at deira skisse viser eit bygg i to etasjar. Du hugsar kanskje Rubikks orm, som gjekk som ein farsott over landet på 80-talet, etter at alle hadde gitt opp å løysa same mann si kube?

Forma på ormen har gitt inspirasjonen til seksjonane i barnehagen. Grillhus ute skal og ha same attkjenande form.

Trass to etasjar, får barnehagen såkalla universell utforming utan heis. Tilkomst for rullestol er løyst gjennom ei rampe opp frå myldrerommet. Her skal og lysbrytinga gjennom takvindauge skapa artige effektar for barna.

Kvar avdeling får mellom anna sin eigen inngang. I myldrerommet vert det små tribunar, slik at ein kan nytta dette til større samlingar og framføringar. Eit eige rom vert laga til med tanke på utvida opningstid.

Les meir på norhordland.no

EnglishNorwegian