Inspirert av Rubiks slange

Inspirert av Rubiks slange

Då arkitekt Thomas Tysseland skulle teikna Knarvik Barnehage, starta han med å gå på leiketøybutikken.

Han kjøpte Rubiks slange, det mekaniske puslespelet av 24 trekantar som ved vriding kan setjast saman til ulike former. Så sat han der på kontoret til M3 Arkitekter i Strandgaten, vrei på trekantane og kom til at her hadde han ein svært god idé. Det skulle visa seg at ideen var god nok til å vinna arkitektkonkurransen om den nye barnehagen i heia nord for Knarvik senter.

Les meir i Bergens Tidende